Framsida

Lomsklangen:

Lomsklangen har øving måndagar

kl 19.30 til 21.30

i kantina på Utgard.

 

Velkommen til å stikke innom ein tur!


Vi har kaffipause med servering

på kvar øving! (PS: Ta med drikke sjølv)

Lomsklangen si fane!

Lomsklangen innvia ny fane til songarstemnet i 2014!

Ein stor takk til kormedlemane Aase Vole Dalen, Gerda Teigen og Anne Jorunn Dalsegg for design og sying av fana, og Jørn Nyøygard for smijarns - og trearbeidet!

Nokre ord om

Lomsklangen

Lomsklangen er eit blandakor i Lom kommune, Ottadalen med omlag 30 medlemer.


Koret vart stifta i 2008 etter 850-års jubileet for Lom stavkyrkje.

Dei fleste medlemene i prosjektkoret for kyrkjejubileet ynskte å fortsetja med korsong, og Lomsklangen vart stifta.


Koret syng ved alle mogelege arrangement i kommunen der ein ynskjer korsong. Repertoaret er variert og koret prøver å ha inne songar for mange høve


Er du ungdom eller vaksen, likar å syngje og ikkje har noko mot humor, er Lomsklangen ein aktivitet for deg.

Det er ingen prøvesynging; Man synger med det "nebbet" man har - heldigvis..

Lomsklangen er ikke et KJEMPEKOR, men vi liker å ha det

hyggelig sammen og dette e anledningen til å bli kjent med oss

og det vi driver med..


Liker du å synge eller "mime" sang

er du hjertelig velkommen til oss..!!! 

           

Kanskje blir DU den neste solisten vår...!!   Nei en vet aldri ???

SONGARSTEMNET 2014

Lomsklangen arrangerte songarstemnet for Gudbrandsdalen i 13-15. juni 2014.

Her kjem du direkte til arkivet med
 sidene frå songarstemnet

Korsang er

bra for hjertet :


Meir enn 200.000 nordmenn syng i kor. Etter tidlegare undersøkingar er det bra for livskvaliteten.

Forskarar ved Sahlgrenska akademin seier at det å syngje saman også har ein positiv effekt på kroppen. Då dei overvaka pulsen til ei gruppe kormedlemmer, fann dei at hjarterytmen til alle songarane synkroniserte seg slik at han steig og sokk i takt.

Det er ikkje noko hokus pokus bak fenomenet. Årsaka til det heile er at songen endrar pustemønsteret, meiner forskarane.

Når ein syng, pustar ein rolegare enn normalt. Og sidan alle syng dei same strofene, pustar kormedlemmene ofte samtidig. Og pusten påverkar hjarterytmen att.